I midten av januar går dagkirurgien ved Nordfjord sjukehus over i ein ny fase. Etter eit halvår med innkøyring utvidar ein spekteret av operasjonar, og særleg augeoperasjonar vil få ein betydeleg plass.

- Det er lagt opp til 200 operasjonar, så det er eit stort tilbod vil skal gje, seier augelege Odd Arne Standal. Pasientane vil i hovudsak vere frå Nordfjord.

Det er sett av 60 dagar til aktivitet ved dagkirurgien på Eid i 2015, der halvparten skal nyttast på augepasientar. Dei resterande 30 dagane skal nyttast til kikkhullsoperasjonar, handoperasjonar, samt brokk- og åreknuteoperasjonar.