Mållag i Sogn og Fjordane og Selja Forlag har gått saman om å dele ut klassesett med spenningsromanar til skular i fylket. Det er Bjarte Sindre frå Florø som har skrive dei fire bøkene i serien «Odins smykke». Handlinga i bøkene er lagt til vikingtida.

- Det er ein serie spennande bøker som har fått mykje positive tilbakemeldingar og som lærarane er begeistra for. Vi har levert ut klassesett til skular over heile fylket. Dei synest det er fantastisk å få bøkene gratis og vil bruke dei i undervisninga, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.

- Vi synest dette er eit kjempefint tiltak. Vi er opptekne av at ungdommane ikkje skal gløyme å lese, at dei skal få leselyst. Serien «Odins smykke» er både lokalhistorisk og godt skriven. Så her er det ein sjanse til å lære litt historie frå vårt eige fylke, seier Norunn Ulvedal.

Førde Mållag fekk tilbod om bøkene, og kontakta både andre lokallag og fylkeslaget i Noregs Mållag for å få distribuert bøkene i fylket. Serien passar både for elevar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.

- Vi har framleis ein del bøker igjen, så om fleire skular er interesserte er det berre å ta kontakt, avsluttar Ulvedal.