Det glatte snøføret har gitt ein trailer problem på rv 15 i Oppstryn, mellom Hjelle og Ospelitunnelen. I følgje politiet kan dette vere til hinder for anna trafikk. Ein patrulje er på veg til staden, melder NRK Sogn og Fjordane.

Oppdatering kl 12.18:

Vogntoget er no ute av vegbana og trafikken flyt som normalt.