Medan både Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet og Hornindal skisenter i Grendadalen starta skiheisen førre helg, måtte Stryn Vinterski avvente si opning grunna for lite snø. Men no er dei siste naudsynte centimetrane på plass i traseèn, og laurdag melder dei om opning.

- Det er meldt mildvêr torsdag, så forutsatt at snøen ikkje regnar vekk opnar vi då, stadfestar driftssjef Rolf Olav Flo. Han og fleire var onsdag i full sving med klargjering av trekket. Ikkje mindre enn 61 t-krokar skulle monterast.

-Forholda er greie, men eg håpar på endå litt meir snø slik at vi får retta ut traseen einskilde stader. Det er avgrensa kva ein kan få til med den snømengda som er, seier Flo.

Trakking av traseèn i Steindalen er ikkje tema enno.

- Der er bra med snø, men vi treng mellom halvmeteren og meteren til før vi byrjar der, seier han.