Over 300 nettkamera kan hjelpe deg til å planlegge juleturen.Trafikk, vêr og føre kan variere, og vegvesenet  har kamera som kanfortelje korleis køyreforholda er der du skal reise. Snøar det over Strynefjellet? Korleis er køyreforholda på E6 over Dovrefjell? Skal du på langtur kan det verelurt å kike på vegvesenet sine nettkamera for å få eit inntrykk av detdu har i vente, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Sjekk oversikt over webkamera her:http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger/Webkamera

Statens vegvesen oppfordrar også reisande om å aktivt bruke vegmeldingane før turen. Særleg med tanke på kolonnekøyringar.

- Det kan vere mange timar med venting for å få kome over fjellet nårdet er kolonnekøyring. Sjekk vegmeldingane før du legg ut påtur. Det kan løne seg å velge ein annan veg, er rådet frå Statensvegvesen.