Neste år går Framtidsfylket si trainee-ordning inn i sitt ellevte år. Då vil rekordmange få tilbod om trainee-plassar i bedrifter i fylket. Så mange som 22 stillingar blir lyst ut i desse dagar.

- Auken i tal traineestillingar er kraftig, og eg trur det kjem av at stadig fleire verksemder ser verdien i deltaking i eit slik fellesprogram. Både for si eiga bedrift, men og for fylket som heilskap. Dette er viktige steg i positiv omdømmebygging, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Inkludert årets kull har 109 traineear vore gjennom programmet. Ca 70 prosent har blitt verande i fylket.

Fem nye verksemder skal ha trainee. Kvalitetslosen,Fjord1, Stryn Energi, Marine Harvest og Nor Tekstil er med i ordningafor første gong.

- Vi er veldig glade for at vi årleg får nyebedrifter med på laget. Det gjev ein godt bilete av det mangfaldetvi har av spennande verksemder her i fylket, seier Rukan.

I 2014fekk Framtidsfylket inn heile 370 søknader på traineestillingane,ei formidabel auke frå året før. Rukan håpar enno fleire vil brukekompetansen sin i Sogn og Fjordane i 2015.