Det er snart tid for tredje sesongen med Klassequizen i Sogn ogFjordane. I år har 31 av dei 47 ungdomsskulane i fylket meldt seg på den landsdekkandespørjetevlinga for 10. klassingar.

Deiinnleiande rundane startar første måndagen etter juleferien, altså 5. januar. Då er det Vassenden skule og Gloppenungdomsskule som skal i elden. Av våre lokale skular er det Olden ungdomsskule og Stryn ungdomsskule som deltek. Begge laga kan vi høyre på NRK Sogn og Fjordane 9. februar.

Etter deiinnleiande rundane blir det fylkesfinale mellom laga med flestpoeng. I fjor nådde Stryn ungdomsskule fylkesfinalen, men tapte den mot Davik Oppvekst. Fylkesvinnaren får 5.000 kroner til klassekassa si, og skalrepresentere Sogn og Fjordane i landsfinalen, som går på TV, påNRK1, laurdag 16. mai.

I 2015 heiter elles programleiaren Stine Kyrkjebø Johansen. Ho tek over etter Erlend Blaalid Oldeide.

- Dette blir spennande. Eg gler meg til å møte mange skarpskodde 10.klassingar og høyre kva kunnskapar dei sit inne med, seier ho.