Ketil Rasmussen vart torsdag kveld tildelt årets kulturpris i Stryn kommune. Utdelinga fann stad i samband med den avsluttande julemiddagen etter årets siste kommunestyremøte.

Rasmussen, som har vore kulturskulerektor i Stryn i 25 år, har utmerka seg i ei rekkje nasjonale og internasjonale musikalske prosjekt i tillegg til jobben i Stryn. Storband-etablering, solist i SKRUK, TV-opptreden og mykje meir vart lista opp som eksempel på hans innhaldsrike musikkliv. Ein glad prisvinnar kvitterte med å framføre eit vakkert stykke på saxofonen.

Det vart også delt ut kulturstipend denne kvelden. Det gjekk i år til musikktalenta og søstrene Guro og Synnøve Myklebust. 15- og 18- åringen fekk stipend på 7.000 kroner kvar.

Synnøve (t.v.) og Guro Myklebust fekk årets kulturstipend. Dei takka med to flotte songar.