Hornindal kommunestyre har vel aldri vore meir samstemte enn då dei ved starten på budsjettmøtet applauderte innsatsen til Anders Fannemel. Måndag vil også resten av bygdefolket og andre idrettsinteresserte  få sjansen til å heidre kommunen sin store son.

Ordførar Anne-Britt Øen Nygård skildra korleis ho opplevde å sjå ein honndøl på toppen av sigerspallen i eit verdscuprenn.

- Anders sin prestasjon er heilt fantastisk, konkluderte ho og gav ordet til kommunestyret sin største hoppentusiast, varaordførar Idar Nygård.

- Vi er i gang med å førebu ei skikkeleg markering når Anders kjem heim måndag. Mottakinga blir på Sanden (Grodås) og eg oppmodar alle om stille opp med flagg, sa Idar Nygård. Som lova å kome tilbake med meir detaljerte opplysnigar når han har fått snakka med Anders etter renna i Engelberg denne helga.

- I den forma Anders er no, har eg stor tru på at han kjem heim til jul med den gule leiartrøya, seier Idar Nygård til Fjordingen.