Ein halv meter snø kan vere nok til at hyttetaket blir skada- i alle fall visst hytta di er 50 år eller eldre.

- Måksnø av hytta før det er for seint, oppfordrar kommunikasjonssjef Ole Irgens i Trygforsikring. Store snøfall dei sistedagane gjer at mange hyttetak har fått rikeleg med snø på seg.Har du ei hytte som er meir enn 50 år gammal, kan berre ein halvmeter tørr snø vere nok til at taket blir skada.

- Nyare hyttertåler større snølast, men dersom det blir meir enn éin meter snø påhyttetaket, må du rydde vekk snøen så fort som muleg, uansett korny hytta er, seier Irgens.Har du éin meter snø på eit 100 kvadratmeter stort hyttetak tilsvarardet 30 til 40 tonn ekstra vekt på taket, opp mot 50 tonn og meir omsnøen er våt. Då kan konstruksjonen begynne å svikte.

Faresignalaer at dører og vindauge på hytta går tregt, eller at det begynner åknirke og smelle i konstruksjonane.

- Då er det berre å gripesnøskuffa og setje i gong, seier Irgens.

- Husk at taket må ryddastjamt, slik at det ikkje blir skeivbelasting. Ikkje fjern allsnøen, då kan taktekkinga bli skada. Lat det vere igjen 10-20 cm,og start ryddinga fra mønet og ikke nedanfrå, ellerskan du bli begrava av eit takras, rettleiar Irgens.

Forsikringa vil som hovudregeldekke skadar som oppstår på grunn av snølast, men som hytteeigar hardu plikt til å halde taket rydda for snø.

-Dersom du veit det harsnødd mykje og ventar for lenge med å rydde taket, kan det føre tilreduksjon av forsikringsutbetalinga dersom du får ein skade, sierIrgens.