Medan det vart siger og 20 treff på Emil Hegle Svendsen, sleit Johannes Thingnes og Tarjei Bø noko lenger på i feltet på dagens jaktstart i slovenske Pokljuka.

Tarjei gjekk ut som nummer sju, medan Johannes gjekk ut som nummer 10 etter sprinten i går. Men då begge bøarane skaut tre bom på den tredje skytinga, og med ein strafferunde frå før, så vart det tøft å hevde seg heilt i toppen.

Både Tarjei og Johannes tok seg rett nok saman på den siste serien, og skaut fullt hus. Johannes avanserte såleis to plassar på resultatlista i høve utgangspunktet, og enda på 8.plass. Tarjei vart nummer 17.