Det var knytt spenning til om Anders Fannemel ville klare å leve opp til dei strålande hopprenna førre helg. Då vart det både verdscupsiger og andreplass på honndølen.

Men Fannemel fekk det ikkje heilt til i konkurransen i sveitsiske Engelberg laurdag ettermiddag. 21.plass var status etter det første hoppet, og det vart også fasiten etter at alle hadde vore gjennom sitt andre hopp. Men honndølen leiar framleis verdscupen, vel 40 poeng føre tyske Severin Freund.

Det var Richard Freitag som vann hopprennet, medan Rune Velta vart beste norske på 10.plass.