To bilar, med til saman seks passasjerar, var innblanda i ei møteulukke litt etter klokka 16.00 laurdag ettermiddag. Ulukka skjedde mellom Kjøs bru og Grodås, ein liten kilometer etter Kjøshammartunnelen i retning Grodås sentrum.

Brannmannskap og ambulanse var på staden. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, men eit born på 5 år vart sendt til lege for kontroll.

Brannsjef Ståle Hatlelid trur føret var ei viktig årsak til ulukka.

- Bilen som kom i frå Kjøs fekk eine hjulparet utfor asfalten, og skulle forsøke rette opp. Men med føret som er no var ikkje det enkelt, seier Hatlelid, og syner til den våte og tidvis sørpete vegbana.

Etter det brannsjefen kjenner til, forsøkte bilen som kom frå Grodås å manøvrere vekk, og hjulspora syner tydeleg at det berre var centimetrar frå at hjula hadde kome utfor vegkanten, ned mot Hornindalsvatnet.

- Bilane har treftes venstre front mot venstre front, slik vi oppfattar det, seier Hatlelid. Bilen frå Kjøs hamna til slutt i grøfta, den andre vart ståande i vegbana eit stykke lenger framme, med venstre framhjulet av.

Spora fortel at bilen som kom frå Grodås var få centimetrar frå å få hjula utfor vegkanten, ned mot Hornindalsvatnet.