Føreforholda er førebels greie på rv 15 Strynefjellsvegen. Juletrafikken mot Nordvestlandet er meldt å vere stor. Ut over kvelden seier vermeldinga at vinden skal auke til frisk bris på Grotli, med lette snøbyger. I morgon skal vinden i følgje yr.no variere mellom laber og frisk bris, framleis med snøbyger.

Statens vegvesen seier i eit generelt råd til bilistar som skal over fjellovergangane at det kan vere lurt å ta høgde for lang ventetid dersom verforholda gjer at ein må innføre kolonnekøyring.

- Vert det meldt kolonnekøyring, kan det vere lurt å velje alternativ rute dersom det er muleg. Viss ikkje, må ein vere førebudd på lang ventetid. Verforholda avgjer kor mange bilar som slepp gjennom kvar kolonne, seier Therese Thowsen i Statens vegvesen.

Forholda på Grotli ved 13.30-tida måndag Foto: Webkamer Skjåk Almenning