Hornindal Skisenter lova at skiløypa frå Grendadalen til Honndalssetra skulle vere klar til jul. No er løypa ferdig preparert. Arbeidet med å preparere løypa innover dalen starta førre veke, og måndag kunne skisenteret gå ut med bilde som viser spor heilt fram på setrevollen på Honndalssetra.

- Dette vert eit fint tilbod til langrennsfolket. Turløypa er nær ei mil kvar veg. Målet er å halde løypa open kvar dag i jule- og nyttårsdagane, deretter i helgane, seier driftsleiar i skisenteret, Amund Sverre Tomasgard.