Over 100 honndøler stod flaggborg i hovudgata og jubla då Anders Fannemel kom heim til juleferie måndag kveld. Og verdas beste skihoppar var eit einaste stort glis då han såg kva slags velkomst han fekk av bygdefolket. Ikledd den gule trøya som viser at han leiar verdscupen vart han teken i mot ikkje berre av folkets hyllest. Korpset spelte, ordførar Anne-Britt Øen Nygård gratulerte og overrekte gullblomar og varaordførar og hoppentusiast Idar Nygård gjorde jobben som intervjuar.

Anders sette stor pris på både frammøte og den gode stemninga, og han lova å gjere sitt beste når han etter få dagar med juleferie heime reiser til den tysk austerrikske hoppveka.

- Om du er favoritt, ville Idar Nygård vite.

- Ja, eg står jo her med den gule leiartrøya, svarte Anders med eit lurt smil. Og fekk stor applaus. Honndølene og nordfjordingane kjem garantert til å sitje tett ved ein TV-skjerm når hoppveka startar.

Kjetil Grodås leia an "paraden" med Anders Fannemel-seil på traktoren. Foto: Bengt Flaten
Anders Fannemel gliste gjennom heile sentrum, der han køyrde gjennom ein flott flaggborg med over 100 entustasitske honndøler. Foto: Bengt Flaten