Pass opp for kva du gir hunden og katten din i jula, oppmodar dyrefagleg rådgjevar i If, Martine Fossem Nygaard.

Ribbefett, sjokolade og rosiner gjer livet farleg for hundar og kattar.

– Sjølv om det er fristande å lage restebuffet til hunden, kan store mengder feit julemat gje magetrøbbel for dyret, seier Fossem Nygaard.

Ho understrekar at det ikkje er farleg å gje eit par bitar juleribbe til hunden eller katten, men store måltid med nesten berre feitt er ikkje bra.

- Mange er ikkje klar over at sjokolade inneheld stoffet teobromin, som er giftig for hundar. I første omgang vil hunden få kvalme, sikle, vere veldig tørst og oppføre seg uroleg. Stoffet påverkar både hjerte og hjerne. I ekstreme tilfelle kan ein sjokoladeforgifting føre til organsvikt og død for hunden, seier Nygaard. Mørk sjokolade er den farlegaste.

Noko så uskuldig som rosiner eller druer kan gi akutt nyresvikt hos hundar, sjølv om forskarane enno ikkje har klart å finne ut kvifor. 19 druer har vore nok til å gi nyresvikt hos ein hund på 8 kilo, ifølge Felleskatalogen.

Hald hunden unna dette i jula:

• Fet julemat, for eksempel ribbe

•Druer og rosiner

•Sjokolade

•Løk

•Småbein og anna som kan setje seg fast i svelg