Juleveret kunne ikkje blitt betre - sol og kuldegrader gjer forholda i fjellet perfekte for topptur før juleribba. Ved to-tida i ettermiddag fanga vi opp tre personar i kikerten, på veg opp til Høgenibba i Hornindal. Spor frå fjellet syner at fleire har vore på toppen og hatt ein fin nedfart i laussnøen.

Med kuldegrader er rasfaren redusert, men det er likevel grunn til å minne folk om å vere forsiktige.

Første juledag opnar Breimsbygda skisenter trekket, medan skisentera i Stryn og Hornindal  opnar alpintrekka 2. juledag. Stryn skisenter fortel på nettsida si at motoren til heisen no er ordna.

Elles i distriktet ligg mange mil langrennsløyper klare både i Stryn og Hornindal.

Perfekt julever med sol og gode snøforhold. Her Høgenibba og Sandfjellet i Hornindal. Foto: Bengt Flaten