Veritas sin rapport etter kartlegginga av Nordfjord Kjøtt konkluderer blant anna med at bedrifta har god oversikt over organisasjonen og verneorganisasjonen. Rapporten har mange positive funn, men og forbetringspunkt.

NK sitt styre bestilte gjennomgang av Veritas etter fleire mediaoppslag rundt bedrifta i haust. Oppslaga handla blant anna om ei arbeidsulukke i april 2013 der ein tilsett vart skada av syre. Den andre i oktober 2013 der ein tilsett fekk kappa av ein finger.

Fjordingen har fått innsyn i rapporten Veritas har utarbeidd etter kartlegging ved bedrifta.

Veritas konkluderer med at NK har god oversikt over organisasjonen og verneorganisasjonen. Vidare at bedrifta har eit godt system for opplæring og at det er investert i nytt, moderne produksjonsutstyr med tilhøyrande verneinnretningar. Bedriftshelsetenesta har utført risikovurderingar og kartlegging av arbeidsmiljøet og NK har tilsett eigen fysioterapeut med tilhøyrande treningsfasilitetar.

Av forbetringsområde poengterer Veritas blant anna utvida opplæring innan HMS for nytilsette, betre rutinar for avvikshandtering, etablere vedlikehaldsplanar for anlegg og arbeidsutstyr og kontinuerleg arbeid for god HMS-kultur.

- Vi er samd i mykje i rapporten men er usamd i noko og har utfordra Veritas på ein del punkt vi meiner dei må ha misforstått eller ikkje fått med seg. Så er det slik at det alltid er forbetringspunkt i ein kvar bedrift, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

- Hovudfunna i rapporten er ikkje av ein slik karakter at vi oppfattar det som vanskeleg i forhold til vårt samarbeid med Nordfjord Kjøtt, kommenterer Mette Fossum Beyer i Rema 1000 til Fjordingen.

Etter medieoppslaga i fjor, først i NRK Sogn og Fjordane, uttalte Rune Joar Ravnestad, tilsynsleiar ved Arbeidstilsynet Vestlandet, til Fjordingen at Nordfjord Kjøtt har fått pålegg i begge sakene, der målet er å betre rutinane for å unngå uønska hendingar. På generelt grunnlag sa han vidare at både arbeidsgjevar og arbeidstakar har ansvar når det gjeld rutinar.

- Det er arbeidsgjevar sitt ansvar at interne rutinar er gode nok og at arbeidstakar har forstått dei. Men arbeidstakar har sin del av ansvaret for å følgje påboda, til dømes bruk av verneutstyr, sa Ravnestad.

Etter medieoppslaga gjekk verneombod og tillitsvalde i NK  ut og sa at arbeidsmiljøet i bedrifta er godt og at bedrifta har gode rutinar for HMS og opplæring. Og med særleg fokus på språkleg tilrettelegging for slovakiske tilsette.