Ved å pumpe vatn frå den djupaste innsjøen i Europa til eit nytt høgdebasseng under Kirkhornsfossen, er det ingen fare for at folk på Grodås og omegn skal bli vasslause. Prorsjektet til 7,4 millionar kroner (eks moms) vil også sikre brannvatn til Ekornes Grodås.

- Det ligg mykje tankegang bak denne løysinga. Alt vi no gjer, vil også kome til nytte den dagen kommunen bestemmer seg for at Hornindalsvatnet skal vere einaste vasskjelde, seier prosjektleiar Åge Sørland til Fjordingen.

Sykkylsverksemda Hole Maskin AS fekk entreprisen på arbeidet som skal vere ferdig innan 1. november 2015.