Skogstjerna i Markane er mellom dei mest nytta ungdomshusa i Sogn og Fjordane. Det kom fram på folkemøtet om plassering av slambehandlingsanlegg, der området ved Skogstjerna er eitt av tre alternativ.

- 3.500 personar er innom Skogstjerna i løpet av eit år. Det er ikkje  så mange andre ungdomshus i fylket som kan vise til så høge tal, vart det opplyst av representantar frå Markane UL.

- Her føregår bandøvingar, grendakveldar, basarar og ei rekkje  andre arrangement for folk i alle aldersgrupper.  Tysdagssvetten med 60-70 dansarar kvar veke er det som trekkjer mest folk til Skogstjerna, seier Henning Dispen.