Per Devold som er leiar i distriktsrådet for HV 11, ber ordførane stå opp for å hindre sal av Firda kaserne i Mogrenda på Eid.

- Og det hastar, slår han fast i brevet som er sendt kommunane i Sogn og Fjordane som lligg på nordsida av Sognefjorden.

Bakgrunnen for saka er at generalinspektøren for Heimevernet er pålagt å redusere bygningsmassen. I den samanheng vil han selje Firda kaserne, som er siste militære installasjonen i Sogn og Fjordane. Distriktsrådet for Møre og Romsdal Heimevernsdistrikt 11 arbeider for å oppretthalde Firda kaserne med skytefelt, men har så langt ikkje nådd fram.

- Vi ser at den siste mulegheita for å endre vedtaket er via politiske kanalar, og spelar ballen over til ordførarane. Dersom kommunane meiner at Firda kaserne har betydningg for militær installasjon for sivilt/militært samarbeid ved krisehandtering, og at den bør bevarast, må det no arbeidast for dette inn i politiske mijø, heiter det i brevet signert Per Devold, leiar distriktsrådet HV 11.