- Badet som vart brukt til pasientrom, er no stengt av. Som erstatning er det laga til eit anna pasientrom. Men vi treng fleire plassar på Hornindal omsorgssenter, sa ordførar Anne-Britt Øen Nygård i formannskapet.

Til kommunestyremøtet 29. januar ligg det føre samrøystes tilråding om å starte prosjekt ombygging av Hornindal omsorgssenter. Som prosjektgruppe er føreslege Elsa Ommedal, Audun Gausemel, Inger Marie Svingeset og Laila Støve Otterdal. I rådmannen sitt framlegg var det lagt opp til at dei skule leggje fram analyse, tilråding, prosjektplan og investeringsbehov innan 18. juni 2015. Denne fristen vart framsett til 30. april 2015.

Spørsmålet som prosjektgruppa må ta stilling til, er bruken av lågbygget som vart ledig etter at det nye helsehuset på Grodås blei teke i bruk.

- Ein må vurdere oppføring av nytt bygg i to etasjar, med fire korttidsplassar oppe og bukollektiv med tilsyn frå heimesjukepleien i første etasje. Alternativt sjå om eksisterande bygg har fundament til å tole ein etasje til, sa Anne-Britt Øen Nygård.