Solbjørg Aasbrein - utflytta stryning som bur i Oslo -  trudde at klokkespelet skulle setjast oppatt på den nye aldersheimen.  Men dersom det er ute av planane, stemmer ho for plassering i Heradsheim.

- Herfrå vil klokkespelet bli høyrd over heile sentrum og verte eit hyggjeleg innslag for turistane om sommaren. Det kan sikkert leggjast inn faste tider slik det er på Rådhuset i Oslo, med t.d. ein ny melodi kvar time. Det blir ein attraktsjon i stryn, seier Sobjørg Aasbrein.