Tysdag var ordførar Sven Flo i møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Der sette han igjen søkjelyset på oppretting av landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

- Eg hadde god dialog med statsråden. Og dette er ei sak som vi vil fylgje opp i samband med budsjettarbeidet for 2016, seier Sven Flo til Fjordingen.

- Du har framleis tru på at vi får landslinje i Stryn?

- Ja,  absolutt. Og det kan eg love: Så lenge eg er ordførar i Stryn kommune, kjem eg aldri til  å gje opp kampen for å få etablert landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule!

- Kva var din hovudbodskap til kunnskapsministeren?

- Eg var veldig tydeleg på å synleggjere kor viktig det er å få etablert ei slik linje knytta til Stryn vgs. Etter at skulen mista idrettslinja, er dette sjansen for å vidareføre eit høgt kompetansetilbod innan skiskyting. Ikkje berre i Sogn og Fjordane, men heile Sør-Norge.  I Stryn har vi den nødvendige kompetansen, god rekruttering og ikkje minst eit fantastisk anlegg på Ullsheim.

- Hadde Torbjørn Røe Isaksen kjennskap til Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bøe og andre topputøvarar frå vårt distrikt?

- Ja. han var godt informert. Eg hadde også med meg ein tjukk bunke avisutklipp som viser kva Nordfjord Team og Stryn vgs har bidrege med når det gjeld skiskyttarar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

- Men det er vel eit faktum at regjeringa no held på å avikle modellen med landslinjer?

- Eg stilte spørsmålet til statsråd Torbjørn Røe Isaksen. Svaret hans var at det ikkje ligg føre nokon konklusjon. Det må oppfattast som at det framleis er aktuelt å etablere landslinjer. Og i den samanheng bør Stryn vgs vere høgst aktuell for skiskyting. At fylkeskommunen og skiskyttarforbundet støttar heilhjarta opp om søknaden,  og at fylkeskommunen er formell søkjar, styrkjer saka vår. Det var også statsråden klar på.

- Du trur på eit positivt vedtak?

- Ja, eg er optimist. Vi  har sterke argument og god støtte i kampen for å få på plass landslinja ved Stryn vgs, sluttar Sven Flo.