Hornindal kommune har fått innspel frå ein anonym person som uttrykkjer håp om at dei om eit år går inn i Geiranger kommune - "det mest kjente namnet vi har i verda".

- Men skal vi få det til, må vi plante ei rot ved komunehuset Smia på Grodås som skal vekse ti ein god stamme, greiner osv. Den første greina går til Stryn som får ta hand om kommunikasjon, offentleg transport, veg, ferjer og osv. Deretter ei grein til Eid som tek seg av kultur og litt skule i samarbeid med Volda. Neste grein blir til Volda som får ansvaret for helse og sosial, samt skule i samarbeid med Eid. Ørsta får enklaste greina: Teknisk etat inkludert jordbruk. Sykkylven vil få grein med industri og verksemder. Stranda har turisme, men også fiskeoppdrett og sjømat. Norddal må sjølvsagt ha ansvar for kraftproduksjon, fallrettar, konsesjonar for småkraft osv., heiter det i innspelet som er innstempla i postlista til Hornindal kommune.

Den ukjende innsendaren har opplegg til framdriftsplan:

- Sidan rota blir i Hornindal, vil det vere rett at ordføraren kalllar inn dei ovanfor nemnde kommunar til eit møte. Der einaste spørsmålet er: Skal vi slå oss saman. Svaret må då bli: JA, utan atterhald av noko slag, meiner forslagsstillaren.