Moods of Norway har gjennom BIA -programmet (brukserstyrt innovasjonsarena) til Forskningsrådet, fått innvilga søknad på nærare 11 millionar. Pengane skal nyttast til å utvikle verdas tynnaste reflekstråd.

- Vi skal lage ein tråd som er så tynn at den kan brukast også i tynne plagg som skjorter og genser. Trådane som finst no er så tjukke at dei berre eignar seg til ytterplagg. Det blir for stivt, seier administrerande direktør i Moods, Jan Egil Flo til Fjordingen.

- Så dette er faktisk ei verdsnyheit vi ser på, legg han til.

Prosjektet har fått namnet Reflect your moods, og er ei vidareføring av samarbeidsprosjektet klesprodusenten hadde med med Farmhouse og Riccovero, der dei på oppmoding frå Trygg Trafikk skulle innføre reflekselement i moteplagg.

Farmhouse er med vidare som prosjektleiar.