Politiet i Stryn etterlyser vitneobservasjonar etter at det fredag morgon var innbrot i ein bustad i Markane.

- Vi er ganske sikre på at dette er same person som sette frå seg fotspor då vedkomande hadde sjekka ytterdører og bildører i bustadfelt i Stryn i dag tidleg. Innbrotet i Markane vart utført i ein bustad der eigarane ikkje var heime. Det vart knust ei glasrute, og tjuven eller tjuvane fekk med seg pass, mobiltelefon, eit videokamera og ein ekstern harddisk, opplyser politibetjent Tor Egedahl.

Klokka 09.10 vart det observert ein mørk stasjonsvogn, truleg ein Opel, då denne svingte ut på rv 15 i Markane. Politiet er interessert i tips dersom nokon har sett ein slik bil. Samtidig oppmodar politiet folk om å låse hus og bilar.

- Dette kan vere mobile vinningskriminelle som slår til i ei anna bygd eller by neste døgn. Difor bør ein passe på eigedelane sine, seier Egedahl.