Av dei 42 kommunestyrerepresentantane i Stryn (25) og Hornindal (17), var det berre 4 som ville ha med Nordfjord-alternativet i utgreiinga for kommunesamanslåing.

I Stryn kommunestyre var ikkje samanslåing av Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy tema i debatten.

I Hornindal kommunestyre prøvde Jon Åge Torheim (Sp) å få Nordfjord-alternativet  inn på llista over modellar som skal greiast ut. Prøverøysting synte at han fekk støtte frå Bente Tryggestad (Sp), Rasmus Kirkhorn (Sp) og Tor Marius Sollid (Sp).  Torheim trekte deretter framlegget, og  Hornindal kommunestyre fatta samrøystes vedtak som er identisk med det Stryn. Det betyr at Hornindal og Stryn vil greie ut fylgjande modellar:

A: Dagens situasjon. B: Samanslåing Hornindal og Stryn. C: Hornindal, Stryn og Stranda. D: Hornindal, Stryn, Stranda og Norddal. E: Hornindal, Stryn, Ørsta og Volda. F: Hornindal, Stryn og Gloppen. G: Hornindal, Stryn og Eid. H. Hornindal, Stryn, Eid og Gloppen.