Eit mindretal på seks (av 17) i Hornindal  i kommunestyre ville gje opning for raskare samanslåing med Stryn. I framlegget som vart presentert av Anne Raftevold (H), heiter det:  "Dersom det kan etablerast semje om samanslåing mellom Stryn og Hornindal raskt, vel Hornindal å gå for løp 1 med vedtak i desember 2015. Viss ikkje vel Hornindal ein prosess som tek sikte å kommunestyrevedtak før sommaren 2016".

Framlegget fekk støtte frå Stig Olav Lødemel (H), Anne Raftevold (H), Rasmus Otterdal (H), Svein Otto Espe (H), Hilde Mjåtveit Lødemel (Ap) og Bjørn Solum (Ap).

Fleiratlet på 11 meinte at det ville vere feil å framskunde prosessen som seier at vedtak skal fattast innan 1. juli 2016, dvs. etter tidsløp 2 i kommunereforma.