Norsk Countrytreff på Breim inviterer for tredjeår på rad til talentkonkurransen Norsk Countrytalent. Talentutvikling er eitt av satsingsområda til festivalen, som opplyser at dei jobbar aktivtmed å få fram nye talent, gje dei ei scene å stå på og muligheittil å skape nettverk innanfor bransjen.

- Vi opplever ein stadig auke i innsendte bidrag tilkonkurransen. No er det tredje året vi arrangerer talentkonkurransefor dei under 20 år, og vi ser at tal bidrag som kjem inn, aukarjamnt. Det er mange av dei som har delteke før som sender inn,samtidig som vi ser at fleire nye kjem til. Så du vil sjå bådegamle kjente og nye fjes under finalen i Trivselshagen, seierKristin Sandal, prosjektleiar i Norsk Countrytalent, som går av stabelen 7. mars.

Blant dei 13 finalistane som er plukka ut til å stå på scena under finalen, finn ein heile tre frå Stryn: SunnivaGjengedal og Emma Nygaard Sætren / Jens Petter Sætre Torheim.

– Vi vil høyre kjente songar frå store internasjonaleartistar og nokre frå mindre kjente artistar. Vi ser at nokre velmelodiar frå andre sjangrar som dei har gjort om til eincountry-versjon, og nokre har valt å opptre med sjølvkomponertmusikk. Her er alt lov! Så lenge dei held seg til country-sjangereni framføringa, legg Sandal til.

Under finalen skal alle framføre ein melodikvar før jurymedlemmane samlast for å gå igjennom sine vurderingar.Det vert premiering til slutt i programmet. Det vert delt ut stipend til deitre beste på høvesvis 3.000, 5.000 og 10.000 kroner.

- Den som stikk av medførsteplass vil også få mulegheit til å opptre under årets festivalpå Breim.  Vi har laga plass til ein eller fleire av dei somdeltek under talentkonkurransen på festivalen til sommaren. Det erfleire arenaer som er aktuelle å ha den eller dei med på, menopningskonserten torsdag kveld er sjølvskriven. Så får vi sjå kvameir vi finn på utover våren, seier prosjektleiaren.

Festivalen kan også vere ein døropnar inn i bransjen:

-  I juryenfor kvelden sit bookingansvarleg i Norsk Countrytreff, Nils R.Sandal, artist og medarrangør av Trandal Countryfestival, SivertBjørdal og musikar og kulturskulerektor i Bokn musikk- ogkulturskule, Anne Tove Øvrebø. I salen kan også andre som harinteresse av å finne nye talent sitte. Same dag somtalentkonkurransen går av stabelen, arrangerer vi i samarbeid med Sogn og FjordaneFylkeskommune og Gloppen kommune eit seminar for arrangørar. Nokreav dei som deltek på denne, vil nok bli igjen for å få med segtalentkonkurransen. Så her er det fleire arrangørar enn oss arrangørar som får sjå talenta opptre, seier Kristin Sandal.

Desse er finalistar i Norsk Countrytalent:

Alice Kucevic Hugøy, FlorøMaria Susanne Hage, HaukedalenMadelenRimstad, ÅheimUlvar Bjarkason, Bremanger Frida & JøranVallestad, Førde Julian Svindal Luna, Isdalstø Tiffany RoxanneHuston, Måløy Sunniva Gjengedal, Stryn Emma Nygaard Sætren og JensPetter Sætre Torheim, Stryn Gunn Marit Kvåle, Sogndal Morgan LeeLehne, Spangereid Fjordtoner, Ålesund Tord Johan Juul, Langevåg