Den 17 år gamle skiskyttaren Ingrid Gausemel frå Hornindal overraska stort i junior NM i Alta, der ho i føremiddag gjekk inn til sølvmedalje på normalprogrammet.

Gausemel skaut best av alle jentene i sin årsklasse, og kompanserte for ein noko lågare fart i sporet samanlikna med dei argaste konkurrentane. Ho hadde fire bomskot på dei fire standplassbesøka.

Gausemel var 1,4 sekund føre bronsemedaljen, og 1,26 minutt bak vinnaren Hilvi E. Hamar frå Byåsen.

Av andre lokale resultat på opningsdistansen kan vi nemne Johan Eirik Meland, Markane IL, med 11. plass i gutar 20-21 år.