I år valde Handballforbundet region Vest å seie frå seg skuleturneringa dei har arrangert i ei årrekkje. Då tok Stryn vgs stafettpinnen vidare.

- Det har vore slike skuleturneringar så lenge eg kan huske, seier idrettsfaglærar Jon-Terje Tjellaug. Han tykkjer det er viktig med ein slik arena, og ser det som naturleg at skulen i Stryn vidarefører tradisjonen, når forbundet ikkje lenger vil arrangere.

- Eg tenkjer det er viktig med ein slik sosial samlingsstad på tvers av skulane, seier Tjellaug.

Det var derimot berre to skular, i tillegg til Stryn, som fann tid til turneringa. Florø og Volda deltok med fleire jente- og gutelag. På gutesida var Stryn vgs best med sigrar over både Volda og Florø, medan elevane frå Volda var kvassast i jenteklassen.