Honndølene jublar for bygda sitt første VM-gull.

Mellom dei som sat i åndelaus spenning og følgde laghoppinga på TV var varaordførar Idar Nygård. Ein hoppentusiast av dei heilt store som har følgt Anders Fannemel gjennom heile karriera. Han er ihuga medlem av Anders Fannemel Fanklubb og såg rennet saman med dei.

- Fantastisk spennande. Vi hadde ei leiing frå første omgang, men uansett er det vanskeleg å vite kor det går i hopprenn, lite er sikkert. Så det var stor stemning i fanklubben då dette var drege i land!

- Kva betyr dette for Hornindal kommune?

- Det er klart dette har stor betydning. Han Anders er ein god ambassadør, han representerer kommunen på ein voldsomt god måte. Ein ser kor roleg og jordnær han er når han blir intervjua, det er god reklame for bygda.

- Tidlegare har de feira Anders både med kjempekake og flaggborg, kva skal de gjere no?

- Dette er litt tidleg i planlegginga, for å seie det slik. Og sesongen er ikkje ferdig. Men det er klart at når han Anders no kjem heim til Hornindal så skal det sjølvsagt bli markert. Vi skal nok finne på noko, det er det ikkje tvil om! seier ein glad varaorfdørar.