Då heile Norge sleppte jubelen laus for norsk VM-gull i laghopping, var det ein person som vart litt ekstra rørt: Stig Seljeset er gamletrenaren til Anders Fannemel og eitt av dei aller ivrigaste medlemmane i Anders Fannemel Fanklubb.

For han var det store kjensler i sving då eleven tok VM-gull.

- Det er klart ein blir rørt når han Anders er med og tek laggull for Norge, kanskje det største du kan oppnå i hopp når det gjeld VM. Det var veldig, veldig stort seier han.

Han sat saman med andre frå fanklubben og såg rennet på TV.

- Vi var samla ein del av fanklubben, og stemningen var god.  Då det heile var avgjort stod jubelen verkeleg i taket. Det var vel ikkje nokon som "tøtsja" golvet på ei lita stund, for å seie det slik!

- Kva kan du seie om hoppinga?

- Det såg ut som om alle dei fire hadde god og jamn hopping. Anders gjorde jobben sin og hadde gode stødige hopp.  Han passa på ikkje gjere noko ekstra, her skal jobben gjerast og ferdig med det. Det er slik ein skal hoppe laghopping.

- Såg du nokon gong føre deg at han skulle bli verdsmeister, då du hadde han som elev?

- Skal eg vere heilt ærleg, så gjorde eg det. Eig meinte at eg tidleg såg eit potensiale, at han kunne nå langt. Ein så målbevisst og tålmodig idrettsutøvar skal du leite lenge etter. Så eg er ikkje direkte overraska slik sett, seier Stig Seljeset.

- Sjølvsagt drøymer ein alltid, men her var det noko meir. Han har vist fleire gongar at han har hatt tolmodet og langsikitigheita som skal til. Vi såg det då han gjekk skada, i staden for å bli mismodig så var han tålmodig og trena dei muskelgruppene han kunne. Det er typisk Anders. Han gjer alltid det beste ut av dei tinga han kan. Han har ei enorm vilje, kobla med tålmodigheit og langsiktigheit. Det er det som skal til, om du skal opp i verdstoppen, seier VM-vinnaren sin gamle trenar bestemt.