Fjordingen tilpassar seg nye lesevanar og satsar meir digitalt.– Det betyr blant anna at vi frå mai inkluderer e-avis i abonnementet og går ned frå tre til to avisutgåver i veka, seier ansvarleg redaktør Bengt Flaten.

Les heile brevet frå redaktøren som står i papiravisa i dag:

"Dei siste par åra har auken i digital avislesing vore formidabel, også blant Fjordingen sine lesarar. Dette tek vi konsekvensen av og gjer grep for å tilpasse avisproduktet vårt til dagens og morgondagens måte å lese avis på. Frå mai vil alle abonnentar av Fjordingen få e-avisa vår inkludert i abonnementet. Samtidig lanserer vi Fjordingen Pluss på nett. Det betyr at nokre av nettsakene våre vert ein del av avisabonnementet. Andre nettlesarar kan og få tilgang til Pluss-sakene ved å betale. Viktig er det og å poengtere at vi vil oppretthalde den opne nettsida vår, der mykje av stoffet anten vil vere annleis eller mindre omfattande presentert enn i papirutgåva.

Meir satsing på digitale produkt betyr og at vi må nytte ressursane våre noko annleis enn i dag. Samtidig med at vi lanserer nye tilbod til abonnentane, vil vi frå 12. mai gå ned frå tre til to papirutgåver av Fjordingen i veka. Det gjer vi ved at måndags- og onsdagsutgåva vert slått saman til ei fyldigare tysdagsavis. Og vi beheld sjølvsagt fredagsavisa, også den fyldigare enn i dag.

Endringane vi gjer frå mai er ein del av ei naturleg utvikling som starta då Fjordingen lanserte nettutgåve første gong. Fram til 2005 var Fjordingen eitt produkt; papiravisa. Nyheitene og reportasjane våre kom tre gonger i veka. Enkelt og greitt. I desember 2005 lanserte Fjordingen nettutgåve. Dermed kunne vi publisere nyheiter sju dagar i veka. Nettutgåva var dei første åra berekna for lesing på data. Sommaren 2010 lanserte vi nettside tilpassa også mobil og nettbrett. Dermed var Fjordingen tilgjengeleg overalt. Ikkje berre for å lese den opne nettsida vår, men og for dei som abonnerte på Fjording-en først som pdf-avis, seinare som e-avis.

Med teknologiutviklinga har folk sine lesarvaner blitt endra. Dei fleste av oss har i dag ein smarttelefon som gjer det mogleg å lese aviser, orientere seg på sosiale kanalar og jobbe på internett frå nær sagt kvar som helst. På den eine sida utfordrar dette oss som driv avis, på den andre sida gir det nye mulegheiter til å nå raskt ut til stadig fleire – der dei måtte vere. Det viktigaste for oss er at du som abonnent skal få avgjere om du vil lese avisa på papir, nett, mobil eller lesebrett.

Eitt grep vi gjer får oss likevel til å tenkje tilbake. Fram til trykkeriet vårt i Stryn vart avvikla i 2006, kom Fjordingen ut i laussal tysdag og torsdag ettermiddag. Når e-avis frå mai vert ein del av abonnementet, vil du som abonnent få e-avisa tilgjengeleg kvelden før den kjem ut i papirformat. Men denne gong er dette ein fordel vi gir berre til abonnentane. Ein favør vi vonar blir sett pris på.

Vi vonar omlegginga totalt sett vil bli oppfatta som positivt både blant abonnentar og annonsørar. Staben som skal lage Fjordingen er den same, men vi må jobbe annleis og pakke produkta våre litt annleis enn vi har gjort til no. Fjordingen er og skal vere di lokalavis, slik du kjenner oss. Produktet som kjem frå 12. mai vil vere kjent, nært og forhåpentlegvis kjært, med litt nytt. Vi er overbeviste om at lokalavisa er viktig for deg som lesar, og gler oss til å ta Fjordingen inn i ei ny og endå meir digital tid.

Helsing

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør/ dagleg leiar i Fjordingen