Søndag 1. mars fekk 760.000 innbyggjarar i til saman 67 nye kommunar på Vestlandet oppretta eigne kjernejournalar. Totalt har no nærare 1,5 millionar nordmenn fått kjernejournal, opplyser Helse Vest på sine nettsider.

Kva er kjernejournal?​Kjernejournal samlar viktige helseopplysingar som både du og helsepersonell har tilgang til. 1. mars blei kjernejournal automatisk oppretta for alle med folkeregistrert adresse i kommunane på Vestlandet, dersom ein ikkje har reservert seg.

Opplysingar frå Folkeregisteret, om legemidlar og sjukehusbesøk blir samla og lagt inn automatisk i Kjernejournalen. Via helsenorge.no kan alle legge inn ein del opplysingar i sin kjernejournal, blant anna om kontaktpersonar, kommunikasjonsbehov og sjukdomshistorie. Kritisk informasjon, om for eksempel alvorlege allergiar og sjukdommar, blir lagt inn av lege i samråd med pasienten.

- Kjernejournal er viktig for både ei betre samhandling mellom ulike deler av helsetenesta og mellom innbyggjarar og helsesektoren. Den vil vere særleg nyttig i akutte situasjonar, seier avdelingsdirektør Rune Røren i Helsedirektoratet.

Kvar finn eg min kjernejournal?

På helsenorge.no får du tilgang til opplysingane i din eigen kjernejournal ved å logge deg på med din elektroniske ID. Her kan de sjå informasjon som er lagra om seg sjølv og legge inn opplysingar.