Søkjartala til dei vidaregåande skulane kom onsdag, og jamt over er dei god lesnad for Stryn vidaregåande skule. 248 elevar har plassert Stryn som sitt førsteval. Skulen har til saman 287 plassar.

God interesse for byggfag

Rektor Kirsti Horne gler seg over at fleire av dei yrkesfaglege studiane har mange søkjarar.

- Det har vore mykje snakk om yrkesfag og redsle for dårleg søknad, og det har vore ei nasjonal mobilisering. Vi var redde for Bygg og anlegg, men vart så glade då vi såg at 17 har sett oss på førstevalet, seier Horne. Skulen har 24 plassar fordelt på to klassar.

Interessa for byggfag viser også att i søkjartala til VG2 Byggteknikk. Der er det 18 søkjarar til 12 plassar.

Også søknaden til Service og samferdsle gir grunn til å juble. Her er det 20 søkjarar til 12 plassar.

-Vi er heilt overvelda, er rektoren sin kommentar til desse tala.

Til studiespesialisering ser også tala gode ut. 54 har skulen som førsteval. Her har ein 60 plassar til rådvelde.

Bekymring

Det som bekymrar rektoren er søkjartala til Helse og Oppvekst og Transport og logistikk. Begge desse har 15 plassar, men berre sju har sett helsefag på førstevalet og fem har søkt seg til transportfaget.

- Dette er enormt bekymringsfullt for næringa. Skulen har også eit samfunnsansvar for rekrutteringa, seier Horne, som viser til at også andre skular slit med liknande tal for desse yrkesfaga.

- Men vi må ta vare på dei få, men viktige, søkjarane vi har fått, seier ho.

Reiseliv slår an

Rektoren ønskjer elles å trekke fram den gode responsen på det nye reiseliv-studiet på VG2 Service, sal og sikkerheit.

- Her har vi fått ti søkjarar på dei seks plassane. Vi gledar oss veldig over det, seier ho. Totalt sett er også rektoren nøgd.

- Dette seier noko om behovet for å ha ein skule her, slår Horne fast.