For få veker sidan lanserte Einar Dons Brath og Øystein Hesjedal eit nytt SFO-tilbod med fokus på aktivitet og friluftsliv. Aktivitets-fritidsordninga (AFO) skal ha base ved Stryn Vinterski og blir starta opp til hausten.

- Vi har fyllt opp dei 30 plassane, fortel Hesjedal. Han seier det er interesse for både den heile og den halve dagen som var lansert som aktuelle, og litt avhengig av korleis søkjarane fordeler seg mellom dagane kan det bli aktuelt å utvide med fleire ungar, utover dei 30.

- Det kan bety 6-10 ekstra plassar per dag, seier han.