Sjansane for at Stryn sitt herrelag i handball spelar 2. divisjon neste år er stor. Sjølv om tabellen skulle halde seg slik den er for augneblinken, vil Stryn faktisk rykke opp frå sin femteplass.

Dette skuldast at både Os (4. plass) og Norrøna (3.) har vegra seg for opprykk. Berre med dette har Stryn rykka opp til tredjeplass.

Men det stoppar ikkje der. Kjøkkelvik 2, som ligg på andreplass, har ikkje mulegheit for å rykke opp sidan førstelaget spelar i nettopp 2. divisjon, og to lag frå same klubb kan ikkje spele i same divisjon. For ordens skuld: Førstelaget til Kjøkkelvik ligg for langt nede på tabellen til opprykk 1. divisjon.

Såleis er Stryn i praksis oppe på ein andreplass.

Men Viking 2, som toppar avdelinga, kan kome i same situasjon som Kjøkkelvik, sidan også deira førstelag spelar i divisjonen over. Her er derimot sjansane gode for opprykk til 1. divisjon for førstelaget -noko som altså opnar for 2. divisjonsspel for Viking 2.

To lag rykker uansett opp, og Stryn er per i dag på den andre opprykksplassen. Kampen står difor først og fremst om å framleis halde dei andre laga bak seg på tabellen. Nærast er BI, deretter følgjer Gloppen som reelle motstandarar til opprykksplassen. Stryn har fem kampar att å spele, medan BI har tre og Gloppen fire.

Tabellen 3.divisjon, avdeling 10:

1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.