Sjølv om vårteikna står i kø i låglandet og snøen har forsvunne isentrum, er det framleis gode forhold for skiglede på Strynskisenter.

– Vi har hatt ein god sesong så langt, men den er ikkjeslutt heilt enno. Her er framleis nydelege forhold, og sola varmargodt no i mars, seier dagleg leiar ved Stryn Vinterski, KåreTonning.

Sist helg var det litt lite besøk, og han ønskjer difor åminne folk om at skisesongen varer ei stund til. Om skisenteretheld ope heilt til påske er vanskeleg å seie, men dei neste vekeneblir i alle fall snøen liggande. Oppe i Steindalen er det rikelegmed snø. I morgon blir det liv og røre med to alpinrenn i bakken.Det er og sesong for toppturar no, og mange set nok kursen forfjelltoppane den komande tida.