Stryn vidaregåande skule får likevel behalde VG2 Transport og logistikk komande skuleår.

Det var fylkespolitikarane i Hovudutval i opplæring heilt samde i under møtet tysdag. Dermed gjekk dei imot tilrådinga frå fylkesdirektøren, som ikkje ville setje i gang tilbodet VG2 Transport og logistikk i Stryn for skuleåret 2015/2016.

11 studietilbod var trua av å bli lagt ned komande skuleår, men transport i Stryn var eitt av seks tilbod som politikarane gjekk inn for å oppretthalde.

Hovudutvalet for opplæring kom med følgjande endringsframlegg, som vart samrøystes vedteke:

Følgjande grupper vert sett i gang for skuleåret 2015/2016:

Vg2 transport og logistikk ved Sogndal VGS

Vg2 Byggteknikk ved Flora VGS

Vg3 Dataelektroniker ved Eid VGS

Vg1 Bygg og anlegg ved Måløy VGS

VG2 klima, energi og miljø ved Sogndal VGS

VG2 Transport og logistikk ved Stryn VGS

VEDTAK:

1. Opplæringstilbodet for skuleåret 2015-2016 får følgjande endringar:

Det utlyste tilbodet ved Sogndal vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 1 bygg- og anleggsteknikk vert redusert med ei gruppe

Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert auke med ei gruppe

Vidaregåande trinn 2 elenergi vert auke med ei gruppe

Det utlyste tilbodet ved Høyanger vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 2 elenergi vert redusert med ei gruppe

Det utlyste tilbodet ved Flora vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 1 bygg- og anleggsteknikk vert redusert med ei gruppe

Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert redusert med ei gruppe

Det utlyste tilbodet ved Måløy vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 2 kokk- og servitør vert ikkje sett i gang

Det utlyste tilbodet ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 1 restaurant- og matfag vert redusert med ei gruppe

Det utlyste tilbodet ved Eid vidaregåande skule vert endra slik:

Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering –formgjevingsfag vert ikkje sett i gang

Vidaregåande trinn1 teknikk og industriell produksjon vert auka med ei gruppe

Vidaregåande trinn 2 studiespesialisering vert redusert med ei gruppe

2. Tilboda som ikkje vert tilrådd sett i gang for skuleåret 2015-16 skal vurderast i sak om opplæringstilbodet for skuleåret 2016-17

3. Hovudutvalet for opplæring set av ein grupperessurs til oppretting av ei ekstra gruppe ved behov i samband med inntaket. Fylkesrådmannen får mynde til å disponere grupperessursen i samband med inntak.