Dei som følgjer med på «71 grader nord - Norges tøffeste kjendis» fekk i førre episode sjå Mariann Thomassen overnatte på ein heller luftig plass: På ei rammemadrass hengande i Trollveggen.

Mariann delte madrassa med Aylar Lie, også deltakar i realitykserien. Bakgrunnen for den heller uvanlege, og svært luftige, overnattingsplassen var mulegheitene til å få eit «frikort» i konkurransen. Har du fått frikort, er du garantert å vere med vidare og slepp dermed å ryke ut når nestemann skal semdast heim frå tevlinga. Det var tilfeldigheiter som gjorde at Mariann hamna i Trollveggen. Deltakarane fekk utdelt kvar sin ball, og to av ballane var gule. Desse hamna hos Mariann Thomassen og Aylar Lie. Då ballane var delte ut, fortalde programleiar Tom Stiansen kva som var meininga med dei gule ballane: Dei to som fekk desse, fekk høvet til å overnatte i Trollveggen. Gjorde dei dette, fekk dei kvart sitt frikort. Mange hadde kanskje trudd at Mariann Thomassen, som tidlegare har gjort det klart at ho har høgdeskrekk og at høgdene difor er hennar største utfordring i konkurransen, skulle takke nei. Men ho slo til, og både ho og Aylar Lie fekk dermed ein overnattingsplass så luftig at dei neppe kjem til å oppleve liknande nokon gong. Mariann var veldig fornøgd med opplevinga då ho var trygt oppe att.– Det var det «drøyaste» eg har gjort nokon gong. Verkeleg!! Så nær døden har eg aldri vore! seier Mariann til Fjordingen.