Fleirtalet i fylkesutvalet utset saka om opprusting av den resterande 2,6 kilometer lange vegstrekninga Ugla-Skarstein mellom Olden-Innvik.

Det vedtok fylkespolitikarane på eit møte i dag.

Men det vart sikra fleirtal for å byggje Vangbergtunnelen og 1,5 kilometer ny veg på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Årsaka til at politikarane valde å utsetje saka, er usikkereheit rundt kor mykje pengar fylkeskommunen har til disposisjon. På dette punktet følgde dei samferdsleutvalet si tilråding.

Kva som skjer med den aller siste vegstubben på 2,6 kilometer, blir ikkje tema før fylkestinget skal sjå på saka att i april.