Dermed ser det ut til at dagens NM-sprint i skiskyting ryk for begge Bø-brørne.

Vêrkaoset på austlandet råkar altså fleire av skiskyttarane som enno ikkje har teke seg til NM-bygda Sirdal. Dette skriv VG på sine nettsider seint torsdag kveld. I tillegg til Bø var også Emil Hegle Svendsen og Erlend Bjøntegaard å finne i ventehallen på Gardermoen.

Sprinten går i ettermiddag, med start klokka 13.00. Det har ikkje lukkast Fjordingen å snakke med Tarjei, om kor vidt han har fått teke seg til Sirdal i tide.

Avisa VG skriv også at bror Johannes droppar NM. Han er råka av forkjøling og har allereie teke påskeferie.

Desse fire lokale utøvarane er derimot på plass og klare for sprinten: Jarle og Håkon Midthjell Gjørven, Georg Halsteinslid og Johan Eirik Meland. Alle frå Markane.