Politiet har funne att alt tjuvgodset- i saka der ein aust-europear reiste rundt og gjorde ei rekkje innbrot i området.

- Vi har funne att alt tjuvgodset. Alt er no oppklart og saka sluttført, seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl. Han fortel at dei har venta litt med å gå ut med desse opplysningane. For eit par veker sidan vart tjuvgods funne i eit depot ute i terrenget i Stryn. No nyleg vart resten funne i eit område i Ørsta/Volda.

- Dette er resultatet av veldig godt etterforskingsarbeid. Grunnen til at vi fekk avgjerande opplysningar, var ei kvinne som kom inn på kontoret fordi ho hadde sett bilen vi etterlyste. Så vi er heilt avhengige av hjelp frå publikum i slike saker, seier Trosdahl.