- Fylkesmannen har blitt orientert om at det blir fiska ulovleg etter sjøaure utanfor enkelte vassdrag i fylket. Vi ønskjer difor å opplyse om dei aktuelle reglane som gjeld, seier seniorrådgjevar John A. Gladsø i Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fiske etter sjøaure med stong i sjøen er populært i enkelte område om våren. I Strynebukta, Lobukta og Oldebukta er det mange som fiskar etter sjøaure på denne tida av året.

- Det er dessverre ikkje alle som har fått med seg at det ikkje er lov til å fiske etter laks og sjøaure nær elveutløp i den tida fisket er stengt i elvane. Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane får fleire meldingar om at folk fiskar i fredingsområda utanfor fleire elvar med laks og sjøaure i fylket, fortel Gladsø.

Det er ikkje lov til å fiske etter laks og sjøaure i ei sone på 100 meter utanfor alle elvar som fører laks og sjøaure i fredingstida for vassdraget. Utanfor fleire av dei større vassdraga er denne sona utvida, mellom anna for å verne sjøauren ytterlegare. Her følgjer fisket etter laks og sjøaure fisketida for sjøaure i det aktuelle vassdraget. I fredingssoner med fleire vassdrag, følgjer fisket vassdraget med kortast fisketid. I Strynebukta strekker den utvida fredingssona seg til Nedreberg, i Lobukta til Tyvaneset og i Oldebukta til elv få Indre Skarstein. Dei ulike sonene er vist på kartet under, og dei er fastsett i forskrift om fiske utanfor vassdrag med laks og sjøaure og nedsenkning av garn. Fiske med stong etter laks og sjøaure på denne tida av året må skje utanfor desse grensene.

Det er heller ikkje lov til å fiske laks og sjøaure med garn. Dersom ein skal fiske laks og sjøaure med garn eller not må ein ha fiskerett i sjøen, registrere seg hos Fylkesmannen og følgje fastsette fiskereglar. Statens Naturoppsyn vil utføre kontrollar i fredingssonene. Oversikt over alle munningssoner i fylket kan publikum finne på heimesidene til Fylkesmannen og på Fylkesatlas.

Kart som viser ytre grense for munningssone utanfor elvane i indre Nordfjord. Foto: Fylkesmannen