Påska 2015 kan by på mykje snø og fine skitilhøve fleire stader, og i indre Nordfjord skulle er det nok av snø i fjellheimen.

I fleire fylke sør og vest i Sør-Norge er det i gjennomsnitt 1– 2 meter snø i 1.000 meters høgde. Hydrolog Heidi Bache Stranden i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sett på data frå både snømodellar og målestasjonar, og har råda klare:– For dei største snømengdene må du ta turen til Vestlandet. Fleire stader i Sogn, Myrkdalen, Stølsheimen, Røldalsfjella er det mykje snø. Om du planlegg å reise til andre fjellområde i påska er det ingen grunn til å fortvile. Det er nok snø til alle i dei aller fleste fjellområda, seier Bache Stranden på nve.no.