Ein utflytta honndøl har danna eige band som del av fagutdanning i musikk.

Glenn Rand (23) er no busett på Utbjoa i Vindafjord kommune nord i Rogaland saman med forloveden og to barn.Neste vår er han ferdig utdanna som faglærar i musikk ved Høgskulen Stord/Haugesund. Her lærer ein alt frå teori, høyrelære, musikkhistorie, pedagogikk, dirigering, kor og undervisning i instrument. Studentane har og mykje samspel i lag med både klassen og dei andre klassetrinna. – Utdanninga kan anbefalast på det sterkasta. Eitt av faga går ut på å danne eit band, og arrangere og produsere ein konsert. Ein kan velje fritt kva ein skal spele, men eg skal spele eigne songar, seier Rand. Bandet Glennen skal spele fire songar, og konsertdato for den sjølvproduserte konserten er fredag 22. mai, i tillegg til eksamenskonsert i juni.– Det er ope hus, så det er berre å ta turen, sjølv om det tar ni timar å køyre ned frå Hornindal. Planen framover å øve så mykje som muleg fram mot konsertane, og vi håpar på fleire spelejobbar. Eg vil også prøve å få spelt inn dei fire songane, og anna materiale i løpet av 2015, seier Glenn Rand.