Skjerpa handhygiene kan halvere talet på infeksjonar i barnehagane.

Det viser ei ny systematisk oversikt frå Kunnskapssenteret.

Det er brei semje om at smitteverntiltak er bra og nødvendig, men forskning kan bidra til å finne dei tiltaka som er mest effektive og mulege å gjennomføre. På oppdrag frå Folkehelse­instituttet har forskarar ved Kunnskapssenteret laga ei oversikt over studie av smitteverntiltak i barnehagar.

- Vi fann ut at ved å skjerpe handhygienen, vart førekomsten av diaré og luftvegsinfeksjonar betydeleg mindre. Det ser også ut til at ein kan forvente lågare sykefråvær, seier prosjektleiar og seniorrådgjevar Ingeborg B. Lidal ved Kunnskapssenteret.